17 born frå Skogsvåg IL deltek på Bergenslekene fyrstkomande helg

Postet av Kenneth Sangolt den 25. Aug 2021

Fyrstkomande helg deltek 17 born frå idrettslaget i friidrettstemnet Bergenslekene. Dette er eit stort regionalt stemne på Leikvang stadion i Åsane. 

Friidrettsgruppa for born starta opp att etter ein liten pause, og har trent inne i Sundhallen og ute på Skogsvåg stadion kvar laurdag sidan hausten 2020. Grunna pandemien har det vore vanskeleg å delta på stemner, dette blir det fyrste friidrettstemnet for alle borna. 

Dei yngste deltek på 40m sprint og lengde med tilløp, medan nokon av dei eldre også prøvar seg på 60m, 80m, 200m, høgde og kulestøt.

Tidsskjema, startlister med meir finn du på https://bergenslekene.no/ 


 Ingen trening laurdag 28. august

Friidrettsgruppa ynskjer nye medlemmer velkomen, men fordi vi er oppteken med stemnet er det ingen trening fyrstkomande helg.  Friidrett for born i regi av Skogsvåg føl  prinsippet frå leik til friidrett. Alle er velkomen til å prøva seg. Neste ordinære trening er laurdag 4. september. Les meir om friidrett i Skogsvåg ved å følgja lenkja under: 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.