Deltok med både jente- og gutelag på 4 x 100 meter stafett
Postet av Kenneth Sangolt den 14. Sep 2025
Foto: Stafett-vinnarar frå Skogsvåg.
Friidrettsgjengen deltok på sesongen sitt siste utestevne denne helga. Bergenslekene er eit tradisjonsrikt stevne som arrangeres på Leikvang i Åsane av Gular, Bergen turn- og idrettsforening, og Hovding. For fyrste gong (?) deltok klubben med stafettlag på 4 x 100 meter. Vi deltok med både jentelag og gutelag. Dette er eit vitnesbyrd på at det det er ei brei og god gruppe med ungdommar som trenar i friidrett i klubben. Spesielt i guteklassen vart det eit spanande oppgjer på oppløpssida mot Lysekloster der Skogsvåg gjekk sigrande ut denne gongen.
Friidrettsgjengen trenar heile året. No blir det periode med trening før det blir konkurranse igjen med innendørs friidrettstevner som starter i november 2025.
70 stk på barnehagefriidrett
Dei eldre borna og ungdommane var på Bergenslekene denne helga, men heime i Skogsvåg var det barnehagefriidrett i Sundhallen laurdag formiddag. Det meldast om over 70 stk i hallen, halvparten var truleg foreldre. Men det lovar godt for fortsetjinga.
Resultat og deltakarar på stafett i Bergenslekene
Gutar 11–12 år – 4x100m stafett
Skogsvåg IL – Tid: 62,56 s – 1. plass
Johannes Tellnes (2013)
Alfred Sangolt (2014)
Mads Hagenes (2013)
Sølve Høyland (2014)
Foto: Stafettgutar frå Skogsvåg. Frå venstre: Mads (3. etappe), Johannes (1. etappe), Sølve (ankeretappe), Alfred (2. etappe).
Jenter 11–12 år – 4x100m stafett
Skogsvåg IL – Tid: 69,35 s – 1. plass
Aurora Wilhelmsen (2015)
Hanna Diehr (2015)
Emilie Skjøtt Kristiansen (2015)
Anna Sabrina Mickevice (2015)
Individuelle resultat under:
Gutar
Sølve Høyland – Diskos (0,6 kg) – 16,44 m – 3. plass (G14)
Mads Hagenes – 60 m – 9,19 s – 2./3. plass (G13)
Johannes Tellnes – 60 m – 9,52 s – 3./5. plass (G13)
Alfred Sangolt – 80 m – 14,14 s – 3./5. plass (G14)
Oscar Fjell Hagen – Kule (3,0 kg) – 6,74 m – 3. plass (G13)
Jenter
Anna Sabrina Mickevice – 40 m 7,07 s · 60 m 10,16 s · 600 m 2.35,01 · Lengde 3,55 m · Høgde 1,10 m (J10)
Emilie Skjøtt Kristiansen – 40 m 7,54 s · 60 m 10,90 s · Lengde 2,72 m (J10)
Hanna Diehr – 40 m 6,91 s · 60 m 10,02 s · Lengde 3,75 m · Høgde 1,22 m (J10)
Aurora Wilhelmsen – 40 m 8,50 s · 60 m 11,90 s · 600 m 3.01,17 (J10)
Oda Amalie Erstad – Høgde 1,50 m – 1. plass (J17)
Kristina Fjell Hagen – 40 m rekrutt 9,26 s · Lengde 1,76 m (J18)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kenneth Sangolt

Spekkhoggarsommar 9-11 juli
09.06.2025

Full fart på Framolekene
09.06.2025

Friidretten er i gang med utesesongen
15.05.2025