Viktig info til alle med barn i SIL


Innmelding

Når ein ny spelar har byrja på et lag i Skogsvåg IL, er det viktig at spelaren blir meldt inn i klubben så raskt som mulig. For at vi skal kunne gje deg eit godt tilbud, er vi avhengig av eit korrekt medlemsregister. Dette er blant anna viktig for at forsikringsordningar også skal gjelde for deg.

Kontingenten i Skogsvåg Idrettslag består av ein generell medlemskontingent, samt ei treningskontingent for dei gruppene du er med i. Medlemskontingenten betalast av alle, uavhengig om du er aktiv eller ikkje-aktiv medlem. Du betaler kun éin medlemskontingent sjølv om du er medlem i fleire grupper.

Har personen spelt i ein annan klubb tidlegare, er det også viktig at eit samtykkeskjema for elektronisk overgang fyllast ut. Dette gjeld for spelarar over 11 år. Trenaren eller foreldrekontakten skal hjelpe til med dette. Ferdig utfylte skjema skal leverast på kontoret i klubbhuset. Spelarane kan ikkje spele for Skogsvåg IL før dei er registrerte/før overgangen er ferdig behandla, blant anna grunna forsikring.
 


Trenarar/foreldrekontakt

Trenarane og foreldrekontakten gjer ein veldig viktig jobb for Skogsvåg IL. Trenarane har ansvar for aktivitetane under trening, og foreldrekontakten har ansvar for det administrative for laget. Det er trenar/foreldrekontakten som har kontakt med styret i klubben. Alle trenarar og foreldrekontaktar i barnefotballen er foreldre eller andre som jobbar gratis. Det er alltid behov for flere foreldre i lagleiinga eller i fotballstyret – har du noko du ønsker å bidra med, ta kontakt med oss!


Medlemskontingent

Det blir sendt ut faktura til alle spelarar pr. år. Fakturaen består av medlemskontingent som alle medlemmer betaler. Medlemskontingent  må betalast innan fristen for at ein skal vere med på treningar og kampar.  


Dugnader

Det kostar penger for å delta i cup/serie og for utstyr (ballar, vestar, kjegler osv). Nokre av desse konstandane er lagt som dugnad slik at kontigenten ikkje skal auke. Dugnadane for laget er pålagt for alle som er med i Skogsvåg IL. Dei vanligaste dugnadane er aktivitetar under Spekkhoggarcup og Kiwi-cup (for eksempel kioskvakt, premieutdeling eller kampvert), samt å stå i kiosken under seriekampane til laget. 10% av pengane ein får inn i kiosken går til laget, og kan brukast på sommaravslutning eller anna sosialt samvær.  


Til foreldre og foresatte

 · Gjer dykk kjent med foreldrevettreglane
· Møt opp på kamp og støtt laget
· Gi beskjed til trenar dersom barnet ditt ikkje kan møte på trening eller kamp. All kontaktinfo finn du her
 


Som spelar i Skogsvåg IL får du...

· rabatt når du handlar på Torshov Sport (Strandgaten 198 eller Valkendorfsgate 5)
· Låne drakt og shorts. Desse må leverast inn når trenar ber om dette
· Delta i eit fantastisk fellesskap 

Utstyr

Dei fleste av laga våre har eigne overtrekksdressar (gensar og bukse). Desse er blitt sponsa av ulike bedrifter. Det er foreldra som skaffar sponsorar til desse. Dersom du veit om nokon som ønskjer å sponse laget, ta kontakt med oss. Les meir om dette her.

Ein kan kjøpe gensar, bukse, t-skjorte eller coach-jakke på eiga hand gjennom vår klubbshop. Torshov Sport. Alle medlemer får rabatt hos Torshov Sport.