Skogsvåg IL med 3 kretsdommere i friidrett

Postet av Skogsvåg IL den 1. nov 2026

Skogsvåg IL deltok på Halloweenlekene i Gneist arena denne helga. Det var mange fine prestasjonar for våre unge utøvarar. Det som var spesielt denne helga var at tre medlemmar i klubben fullførte den praktiske delen av kretsdommarkurset. Dermed har klubben 3 dommarar. Dette set vi stor pris på. Ingen dommar - ingen aktivitet (som blir offisiell resultat). Gratulerar til (f.v) Leila, Grace og Victoria.


Halloweenlekene

Halloweenlekene markerer starten på innesesongen på konkurransefronten. Det var omtrent 400 deltakarar. Vi gratulerar arrangørklubben med eit godt gjennomført stevne som har det vesle ekstra (ansiktsmaling, dekorasjonar, utkledning mm) Vi hadde med 7 frå Skogsvåg. Eit par bileter referenten fekk tatt:

Sølve Høyland kjem frå ei "kraftslekt" og poserar for fotografen øvst på pallen etter å ha støta nesten 10 meter med 3 kg kule. Speaker på stevnet, Stein Fossen, bemerka at  Høyland auka personleg rekord med over halvmeteren.

Anna Sabrina i midten og Hermine til høgre hamna på pallen i høgdehopp. Dei har trent jamnt og trutt i haust.


Resultatene i Halloweenlekene


UtøvarKlasseØvingResultatPlass
Hanna DiehrJ1160 m9,41 s2


HøgdeIkkje registrert–


Lengde, satssone4,17 m2
Sølve HøylandG1260 m8,52 s2


200 m27,36 s1


Kule9,84 m1
Anna Sabrina MickeviceJ1160 m9,38 s1


Høgde1,25 m1


200 m32,97 s2


60 m hekk13,84 s7


Kule5,74 m5


Lengde, satssone4,13 m3


600 m2:24,8811


4-kamp samanlagt2 294 poeng6
Alfred SangoltG12200 m34,82 s12


Kule6,13 m4
Erika Cassandra SangoltJ14Kule8,54 m2
Hermine Linnea SangoltJ11Høgde1,15 m3


Kule7,04 m2
Aurora WilhelmsenJ1160 m10,73 s11


200 m35,48 s8


Lengde, satssone3,26 m8


Andre konkurranser Skogsvåg IL deltek på utover vinteren:

Nisselekene i Leikvanghallen 28-29 november
Hopp uten tilløp i Askøyhallen 7. desember
Nornalekene i Leikvanghallen 23-24 januar
Pingvinlekene i Gneisthallen 5-7 februar
Inne NM friidrett senior i Gneisthallen 19-21 februar (15 år og oppover)
Hopp utan tilløp i Askøyhallen 18 mars


Når våren kjem

10. april planlegg vi eit lokalt friidrettsstevne på Skogsvåg stadion.

Øygarden backyard ultra blir i år 21. august, fleire detaljar kjem.


Friidrett i Skogsvåg IL

Alle er velkomen til  vere med på friidrett. Det beste er å møte opp på stadion/Sundhallen laurdag kl 11 dersom du går på barne- ungdoms- vidaregåande- skule eller er student. Har du ungje i barnehage så trenar/lekar vi kl 10 annankvar laurdag i Sundhallen.


Logg inn for å skrive en kommentar.