Oppstart nye jente- og gutelag
Postet av Skogsvåg IL den 5. Feb 2018
Skogsvåg IL startar opp med fotballtrening for jenter fødde i 2011 og 2012, og gutar som er fødde i 2012.
Jenter 2011/2012
Mandagar kl. 17.30 frå 19. februar.
Gutar 2012
Onsdagar kl. 17.30 frå 21. februar.
Bli med!
Ta med deg ein ven og møt opp i fotballbingen på Skogsvåg Stadion. Ta med drikkeflaske. Vi blir kjent med ballen og har det gøy i lag. Velkomen til alle!
For spørsmål, ta kontakt med Kent Rabben (984 69 915).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.