Friidrett: Bli med på dommerkurs og/eller trenerkurs hausten 2026
Postet av Skogsvåg IL den 15. sep 2026
Friidrettsgruppa veks. Vi ynskjer gjerne å tilby gode treningar og konkurransar lokalt på Skogsvåg stadion. Sjå berre kva vi fekk til med folkefesten Øygarden backyard ultra i august.
Å læra meir om idrett, trening, idrettens verdigrunnlag gjer ballast og tryggleik. Dette gjer det lettare å vera med å bidra på treningar for born og unge.
2 aktuelle kurs haust 2026 er:
25 september i Fana:
Kretsdommerkurs friidrett, Gneist Arena - Min idrett
3 påmeldte allereie frå klubben, du blir ikkje åleine.
Digital førebuing i haust, fysisk kurs seinare:
Trener 1 friidrett fellesmoduler modulkursmal - Min idrett
Ofte stilte spørsmål:
Betyr at eg tar kurset at eg må gjera noko meir? Nei, men vi håpar sjølvsagt at du får lyst til å bruka kompetansen til å vera med å bidra.
Trener 1 er digitalt, betyr det at eg tek det digitalt at eg må vere med på det fysiske kurset som kjem seinare? Nei, du kan hoppa av når du vil. Det er lov å prøva seg.
Kostar det noko? Nei, klubben dekkar alt.
Eg har vanskar med å komme meg til kursstaden. Vi fiksar transport, og samkøyrer.
Er det ikkje vanskeleg? Ein må følgja med, men førarprøven er verre.
Eg klarar ikkje melde meg på kurset? Ta kontakt så hjelper vi deg.
Kontaktperson:
Kenneth Sangolt
tlf 414 76 319
kenneth.sangolt@gmail.com
Logg inn for å skrive en kommentar.