Tett kampprogram for J17 og J19
Postet av Skogsvåg IL den 25. Mai 2016
Jenter 17 og 19 er samarbeidslag med Sund. Begge laga spelar 11-ar, og dei siste to vekene har laga som stort sett består av dei samme spelarane spelt til saman fire kampar. I tillegg skal jentene spele kamp både laurdag 28. mai og søndag 29. mai. Så mange kampar tar på!
Tirsdag, 24. mai møtte J19-laget Fyllingsdalen/Søreide på Varden. Etter første omgang leda heimelaget 5-0. I pausen avtalte trenar, Frode Torsvik med jentene å vinne 2. omgang. Jentene gjekk utpå bana igjen med ein heilt annan innstilling enn i 1. Etter nokre minutt kjem Vilde Sangolt Ekren åleine gjennom og setter ballen kaldt i mål. Like etter kjem Vilde gjennom igjen, og då lobbar ho ballen elegant over keeper. – To nydelige mål! Jentene legg ned mange fleire meter enn i 1. omgang, og er tett oppi heimelaget som kun scorar eitt mål denne omgangen.
Kampen enda 6-2 til Fyllingsdalen, men jentene vant 2. omgang!
J17
12. mai: Sotra - Sund/Skogsvåg: 2-3
19. mai: Sund/Skogsvåg - Nymark: 0-1
29. mai, kl. 18.00: Sandviken - Sund/Skogsvåg
J19
22. mai: Sund/Skogsvåg - Lindås: 5-0
24. mai: Fyllingsdalen/Søreide - Sund/Skogsvåg: 6-2
28. mai, kl. 15.00, Hald stadion: Sund/Skogsvåg - Vestsiden-Askøy
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.