Haustens fyrste friidrettsstemne: Personlege rekordar til alle 10 utøvarar frå Skogsvåg
Postet av Skogsvåg IL den 21. Aug 2022
Foto: Høge og lange svev i sandgropa på Fana stadion.
Friidrettsgruppa til Skogsvåg IL har trena jamnt og trutt mest kvar einaste laurdag i heile 2022. Nokon av borna trenar utelukkande friidrett medan andre deltek på friidrett i tillegg til fotball eller anna sport. I vinterhalvåret deltek utøvarane på innendørsstemner, medan det blir tid til 2-4 stemner i utandørssesongen som strekk seg mellom april og oktober. Denne hausten vart innleia med Gneistspelen på Fana stadion. Dette er eit nasjonalt friidrettstemne som har vore arrangert i over 50 år.
Gledeleg å notere at samtlige utøvere har oppnådd personleg bestenotering i ei eller fleire øvingar i løpet av helga. Flott å oppleve at trening gjer utslag, og at det blir framgang samanlikna med vinteren og vårens prestasjonar.
I aldersgruppa 6-9 år er det meistring og leik som er i hovudsete, og det er ikkje rangerte lister. For eldre utøvere teller plassering og det knivast meir om sluttresultat.
Her er bileter og høgdepunkt frå helga:
Fredag: 300m hinder for rekrutter (6-9 år). Alfred Sangolt og Sølve Høyland deltok. Vanngrava var høgdepunktet. Hinder gav meirsmak. Seinare i helga vart det lengde, liten ball og 60m.
Mathilde Asphaug og Thea Asphaug er vanlegvis aktive fotballspelarar, men har snørt på seg piggskoa og deltok i 100m, 200m og spyd i J17-klassen. 100m på lavt 15-tall. 14-grensa brytes truleg ved neste anledning. Helga endte med hyppige turar på toppen av premiepallen.
Oscar Fjell Hagen er rekrutt og deltok i 60m, liten ball og lengde. Bestenoteringar i 2 av 3 øvingar (?)
Kine Louise Gregersen og Erika Cassandra Sangolt i J10-klassen. Store forbetringar frå vårens stemner på begge to.
Hermine Sangolt er J7-rekrutt og har aldri sprinta så raskt eller hoppa så langt som ho gjorde denne helga.
Hermine i kastar liten ball, kyndig og god veiledning frå erfarent funksjonærkorps i Gneist.
Sondre Høyland er 1.klassing og debuterte i stemne denne helga. Det gav meirsmak.
Vilde Gregersen i J12 var reinaste mangekjemperen denne helga. Personleg bestenotering i alt ho stilte opp i og fleire fyrsteplassar. Deltok i både 60m (4. plass, 9.34 PB), lengde (4. plass 3.69 PB), 600m (1 plass 2:07 PB), kule (1 plass 6.91m PB). Her er ho avbilda rett etter målgang i 600m. Sterk oppløpsside og fyrsteplass med nokre hundredelars margin.
Flott stemne og fine fasilitetar på Fana stadion.
Alle resultat frå Gneistspelen finn du her: https://norway.opentrack.run/en-gb/x/2022/NOR/gneistspelen/
Ynskjer du å byrje på friidrett i Skogsvåg, alle er velkomen, les meir her; https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon
Friidrett er godt supplement til andre idrettar. Bli gjerne med på hurtighetstrenings-dag laurdag 27. august. Info på Facebook: https://www.facebook.com/events/853124362722771?ref=newsfeed
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Skogsvåg IL
Serieturnering på Skogsvåg Stadion
04.11.2024
Idrettsdagar 10-12 juli
15.06.2024
Heider på Brann stadion til Trine Steinsland
13.04.2024