Friidretten har starta konkurransesesongen i 2024

Postet av Skogsvåg IL den 23. Jan 2024

Foto: Trenarapparatet, her ved Kristina, følgjer med. 

Skogsvåg IL Friidrett deltok med 10 utøvarar på Nornalekene i helga.Vår yngstemann var 9 år, eldste var i midten av tenårene. Nornalekene er eit av Noreg sine største innendørsstevner. Her deltok klubbar frå bergensregionen, men også Egersund og Sandnes i sør, og Førde i nord var representerte. Stevnet holdes i flotte Leikvanghallen i Åsane (like ved Bergen travpark), der var det gode forhold med nylagt dekke og behagelig temperatur for sport. Det trenes godt i klubben og alle utøvarane har blitt eit år større, det vart personleg rekord på nesten samtlege. Mange var også oppe på premiepallen i løpet av helga. Neste stevne for bygda sine utøvere er Pingvinlekene i februar. 

Foto: Johannes (Gutter 11 - G11) hadde ei kjekk helg, fekk tredjeplass i lengde med eit hopp på over 3 meter, og tok ein 2. plass på 60 meter med 10:00. 

Foto: Vilde Gregersen (J14) fekk gull i kulestøt med eit støt på 7,20 meter med 3-kilos kula. Ny personleg bestenotering med 9,20 sek på 60 meter vart det også i løpet av helga. Vår talentfulle høgdehoppar Oda Amalie Erstad (J16) sesongdebuterte med 1,43 m og 1. plass i sin klasse. 2 cm bak persen frå i fjor haust. 

Foto: I J12-klassen tok Erika Sangolt 1. plass med eit kulestøt på 8,78 meter, nokre cm bak pers. Kine Gregersen nærmar seg 6 meter i same aldersklasse og tok 5. plassen. I lengdehopp vart det nesten 3 meter på Erika, og ny pers med nesten halvmeteren. Kine Gregersen (J12) hoppa over 4 meter for fyrste gong (3. plass) i same konkurranse. Klubben sine utøvarar gler seg til utesesong og å trena i ny lengdegrop (sponsa av Sparebanken Vest). 

Foto: Hermine Sangolt er ein av våre yngre utøvarar i J9-klassen. Saman med fleire andre deltok ho på lengde, 60m og kulestøt denne helga. 

Les meir om stevnet og sjå resultater her https://nornalekene.no/


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.