Gratis vinterjakker til alle medlemmer under 18 år

Postet av Skogsvåg IL den 11. Feb 2024


Laurdag 03. februar var alle dei yngre medlemmane av idrettslaget inviterte til klubbhuset for utdeling av tøffe og varme vinterjakker. Jakkane er betalt av Sparebanken Vest, og levert av utstyrsleverandør Torshov Sport. Både fotballspelarar, friidrettsutøvarar og tennisborn fekk gratis jakke med etternamn festa til ryggen. 

Inge Vardøy frå Sparebanken Vest engasjerte borna og overleverte gåvesjekken. Styremedlem Bernt André Sangolt takka, og tok i mot gåven på vegne av idrettslaget og medlemmane. Vi  må også nemna; på kjøkenet stod 5-6 medlemmer av den rutinerte dugnadsgjengen og kokte pylser for harde livet.

Idrettslaget er eit breiddeidrettslag der alle er velkomen. Kontingenten er truleg blant dei lågaste i landet, og har vore kr 500 så lenge denne referenten kan hugse. Støtte og velvilje frå Sparebanken Vest og andre aktørar er avgjerande for å ha eit godt og variert tilbod til born og unge. 



Tekst: Kenneth Sangolt, trenar friidrett og tennis
Bileter: Trine Audsdotter


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.