Det gror godt i Skogsvåg-friidretten
Postet av Kenneth Sangolt den 1. Des 2024
Foto: Anna Sabrina, Sasha, Hermine og Hanna
Friidretten i Skogsvåg hadde sesongdebut for innestevner denne helga. Nisselekene i regi av Fana IL er eit hyggjeleg førjulsstevne med rundt 150 deltakarar. 10 av desse var frå Skogsvåg.
Våre yngste utøvere var frå 6 til 10 år og prøvde seg på både lengde, høgde, 60m, 60m hekk, 200m, 600m, og kule. Alt har dei øvd på under treningar i haust og vinter. Blant våre eldre utøvarar var det ei kjekk helg med nye personlege rekordar. 12-åringen Erika slo til med 10,87 meter med 2 kg kule. Klassekamerat Kine noterte seg for 4,24 meter i lengdegropa. 11-åringen Oscar støytta kula nesten 8 meter, også han til ny personleg rekord.
Her ser du støtet til Erika: (direktelink dersom det ikkje kjem opp)
Foto: Oscar deltok på kule. Kristina deltok på 200 meter.
Foto: Kine (t.h) saman med lengdetrenar Miroslava.
Ny trenar med lengdebakgrunn
Miroslava Bielik er nyinnflytta til bygda, og har friidrettsbakgrunn frå heimlandet Ukraina. Vi er glad for at ho er med som trenar på friidretten. Ho deltok også sjølv i seniorklassen til stor inspirasjon for dei yngre utøvarane. Etter 10 år utan eit lengdehopp noterte ho seg for 4,54 meter i sin re-debut. Ho har personleg rekord frå 2010-talet som er langt opp på 5-talet.
Foto: Miroslava saman med nokre av utøvarane. Folk som følgjer Skogsvåg IL tett veit også at den nye lengdegropa ute på stadion er finansiert av Sparebanken Vest. Gropa kjem til å bli flittig brukt så snart det vårast.
Friidrett og innesesong
Innesesongen i friidrett går frå desember 2024 til mars 2025 og handlar for gamle Hordaland sin del om ulike stevner i friidrettshallen på Leikvang i Åsane. Frå neste vinter kjem det ny friidrettshall like ved Fana stadion som vi gler oss til å besøke. Skogsvåg IL deltek på 3-4 friidrettsstevner om vinteren, og 3-4 utandørs stevner om sommaren.
Det finnes ikkje innandørs-friidrettsanlegg i Øygarden. Friidrettsgruppa trenar innandørs på vinteren i den flotte Sundhallen som er like ved Skogsvåg stadion.
Foto: Salum Kashafali konkurrerar for Norna Salhus, og er paraolympisk meister på 100 meter. PR er 10:37. Inspirerande for Sondre, Alfred & Sølve å treffe han på stevne.
Friidrett i Skogsvåg: Frå 3- til 43 år
Rundt 60 stk har vore innom friidretten i Skogsvåg i løpet av 2024. Barnehagefriidrett med 3- til 6-åringar er den største gruppa. Dei får eit leikbasert tilbod på laurdag morgon, medan det er vanlege treningar for dei frå skulealder og oppover. Hovudtreningane til friidretten er på laurdager.
På torsdager er det ekstratrening med styrke og/eller spenst. På desse øktene er også foreldra velkomen til å vere med - og her svettast det i alle aldre.
Det er plass til fleire, og det krevs ingen forkunnskapar. Slik blir du med;
Barnehagealder: Last ned Spond og bli med i gruppa med kode GIKCU
Skulealder: Sjå her: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/next/p/61970/friidrett-for-born
Tekst, info og bileter: Trenarar Kenneth Sangolt, Kristina Førde & foreldre til utøvarar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kenneth Sangolt
Spretne sprekkhoggarar på Pingvinlekene
12.02.2023
Innendørssesongen i friidrett er i gong
22.01.2023