Spekkhoggar støta seg til stevnerekord i Pingvinlekene

Postet av Skogsvåg IL den 12. Feb 2024

Spekkhoggar spekkhoggar hei - hei - hei! Skogsvåg IL deltok med 13 glade utøvere i årets Pingvinleker. Erika Cassandra Sangolt (født 2012) satte ny personleg rekord med eit støt på 9,27m. Det var langt nok til ny stevnerekord i J12-klassen. Pingvinlekene er eit av Noreg sine mest kjende og største innendørsstevner for barn og unge. 

Det vart konkurrert i alle friidrettsdisiplinar i årets stevne. Helga starta på fredag der kretsmeisterskap i stille lengde og stille høgde vart avvikla, før Pingvinlekene starta for fullt på laurdag. Leikvanghallen i Åsane har fått nytt dekke i løpet av 2023-sumaren, og det var gode forhold for idrett. Arrangørklubben Gneist held på å bygge eget friidrettsanlegg like ved Fana stadion, det er planlagt ferdigstilt sumaren 2025. 


Støt og løp

Skogsvåg IL sin friidrett har mottoet "frå leik til friidrett", og alle som deltar får prøve seg på den fulle bredden av friidrettsøvingar. Alt frå hekk, lengde og høgde til sprint, spyd og støt. På biletet ser dykk Oscar Fjell Hagen (G11 - Født 2013) som slo til med ny personleg rekord i kulestøt med 7,10 meter. Det haldt til 1. plass i klassen sin. 


Øvrige deltakarar

Johannes G Tellnes G11 tok 3. plass med 9,86 på 60m og ein drøss personlege rekordar på 200m, 600m og hoppøvingar. 


Mads Hagenes G11 hadde ei personleg-rekordhelg med 5. plass 9,91 på 60m, sterk 200m, 600m og lengde.


Kine Gregersen J12 vart kretsmeister stille lengde med 1,90m, ho fekk 3. plass og ny personleg rekord på 60m - 9,47. Deltok også på kule og lengde. 


Vilde Gregersen J14 forbetra sin personlege rekord til 7,51 med 3 kg kule og 2. plass i klassen sin, ny personleg rekord 200m (4. plass - 31,71) , 2. plass stille lengde (2,19m). 


Oda Erstad J16 vart kretsmeister høgde utan tilløp (1,23m) og 2. plass lengde utan tilløp (2,23m), Fekk 1. plass på høgde (med tilløp) med 1,43 m.



Våre yngste

For dei som er 11 år og yngre er det ikkje rangerte lister og medaljeutdelingar. Meistring og moro er i hovudsetet.

Foto: Rekruttane våre Hanna, Lycke og Hermine var godt nøgd med helgas friidrettsfest. I tillegg til dei tre avbilda deltok Sølve, Sondre & Alfred denne helga. 


Alle resultater frå stevnet:

Sjå her: https://norway.opentrack.run/nb/x/2024/NOR/pingvinlekene/competitor/

Skriv inn "Skoil" i boksen øvst til høgre for å sjå alle Skogsvåg sine utøvere sine resultat. 




Gratis vinterjakker til alle medlemmer under 18 år

Postet av Skogsvåg IL den 11. Feb 2024


Laurdag 03. februar var alle dei yngre medlemmane av idrettslaget inviterte til klubbhuset for utdeling av tøffe og varme vinterjakker. Jakkane er betalt av Sparebanken Vest, og levert av utstyrsleverandør Torshov Sport. Både fotballspelarar, friidrettsutøvarar og tennisborn fekk gratis jakke med etternamn festa til ryggen. 

Inge Vardøy frå Sparebanken Vest engasjerte borna og overleverte gåvesjekken. Styremedlem Bernt André Sangolt takka, og tok i mot gåven på vegne av idrettslaget og medlemmane. Vi  må også nemna; på kjøkenet stod 5-6 medlemmer av den rutinerte dugnadsgjengen og kokte pylser for harde livet.

Idrettslaget er eit breiddeidrettslag der alle er velkomen. Kontingenten er truleg blant dei lågaste i landet, og har vore kr 500 så lenge denne referenten kan hugse. Støtte og velvilje frå Sparebanken Vest og andre aktørar er avgjerande for å ha eit godt og variert tilbod til born og unge. 



Tekst: Kenneth Sangolt, trenar friidrett og tennis
Bileter: Trine Audsdotter