Idrettsdagar 10-12 juli
Postet av Skogsvåg IL den 15. Jun 2024
Også i år blir det idrettsdagar på Skogsvåg stadion i skulanes somarferie. Du kan melde på ditt born her:
Spekkhoggar støta seg til stevnerekord i Pingvinlekene
Postet av Skogsvåg IL den 12. Feb 2024
Spekkhoggar spekkhoggar hei - hei - hei! Skogsvåg IL deltok med 13 glade utøvere i årets Pingvinleker. Erika Cassandra Sangolt (født 2012) satte ny personleg rekord med eit støt på 9,27m. Det var langt nok til ny stevnerekord i J12-klassen. Pingvinlekene er eit av Noreg sine mest kjende og største innendørsstevner for barn og unge.
Det vart konkurrert i alle friidrettsdisiplinar i årets stevne. Helga starta på fredag der kretsmeisterskap i stille lengde og stille høgde vart avvikla, før Pingvinlekene starta for fullt på laurdag. Leikvanghallen i Åsane har fått nytt dekke i løpet av 2023-sumaren, og det var gode forhold for idrett. Arrangørklubben Gneist held på å bygge eget friidrettsanlegg like ved Fana stadion, det er planlagt ferdigstilt sumaren 2025.
Støt og løp
Skogsvåg IL sin friidrett har mottoet "frå leik til friidrett", og alle som deltar får prøve seg på den fulle bredden av friidrettsøvingar. Alt frå hekk, lengde og høgde til sprint, spyd og støt. På biletet ser dykk Oscar Fjell Hagen (G11 - Født 2013) som slo til med ny personleg rekord i kulestøt med 7,10 meter. Det haldt til 1. plass i klassen sin.
Øvrige deltakarar
Kine Gregersen J12 vart kretsmeister stille lengde med 1,90m, ho fekk 3. plass og ny personleg rekord på 60m - 9,47. Deltok også på kule og lengde.
Våre yngste
For dei som er 11 år og yngre er det ikkje rangerte lister og medaljeutdelingar. Meistring og moro er i hovudsetet.
Foto: Rekruttane våre Hanna, Lycke og Hermine var godt nøgd med helgas friidrettsfest. I tillegg til dei tre avbilda deltok Sølve, Sondre & Alfred denne helga.
Alle resultater frå stevnet:
Sjå her: https://norway.opentrack.run/nb/x/2024/NOR/pingvinlekene/competitor/
Skriv inn "Skoil" i boksen øvst til høgre for å sjå alle Skogsvåg sine utøvere sine resultat.
Friidretten har starta konkurransesesongen i 2024
Postet av Skogsvåg IL den 23. Jan 2024
Foto: Trenarapparatet, her ved Kristina, følgjer med.
Skogsvåg IL Friidrett deltok med 10 utøvarar på Nornalekene i helga.Vår yngstemann var 9 år, eldste var i midten av tenårene. Nornalekene er eit av Noreg sine største innendørsstevner. Her deltok klubbar frå bergensregionen, men også Egersund og Sandnes i sør, og Førde i nord var representerte. Stevnet holdes i flotte Leikvanghallen i Åsane (like ved Bergen travpark), der var det gode forhold med nylagt dekke og behagelig temperatur for sport. Det trenes godt i klubben og alle utøvarane har blitt eit år større, det vart personleg rekord på nesten samtlege. Mange var også oppe på premiepallen i løpet av helga. Neste stevne for bygda sine utøvere er Pingvinlekene i februar.
Foto: Johannes (Gutter 11 - G11) hadde ei kjekk helg, fekk tredjeplass i lengde med eit hopp på over 3 meter, og tok ein 2. plass på 60 meter med 10:00.
Foto: Vilde Gregersen (J14) fekk gull i kulestøt med eit støt på 7,20 meter med 3-kilos kula. Ny personleg bestenotering med 9,20 sek på 60 meter vart det også i løpet av helga. Vår talentfulle høgdehoppar Oda Amalie Erstad (J16) sesongdebuterte med 1,43 m og 1. plass i sin klasse. 2 cm bak persen frå i fjor haust.
Foto: I J12-klassen tok Erika Sangolt 1. plass med eit kulestøt på 8,78 meter, nokre cm bak pers. Kine Gregersen nærmar seg 6 meter i same aldersklasse og tok 5. plassen. I lengdehopp vart det nesten 3 meter på Erika, og ny pers med nesten halvmeteren. Kine Gregersen (J12) hoppa over 4 meter for fyrste gong (3. plass) i same konkurranse. Klubben sine utøvarar gler seg til utesesong og å trena i ny lengdegrop (sponsa av Sparebanken Vest).
Foto: Hermine Sangolt er ein av våre yngre utøvarar i J9-klassen. Saman med fleire andre deltok ho på lengde, 60m og kulestøt denne helga.
Les meir om stevnet og sjå resultater her https://nornalekene.no/
4. og 5. juli er det igjen idrettsdagar på Skogsvåg stadion
Postet av Skogsvåg IL den 29. Jun 2023
Ikkje ein sumar utan.. I neste veke er det tid for aktive dagar på Skogsvåg stadion. 30 born og unge skal gjennom eit variert program med hekk, tresteg, tennis, turn og fotball. Meir info om dagane kan du lese her: https://www.deltager.no/register/idrettsdagar#/
Friidrettsgruppa held koken på konkurransefronten
Postet av Skogsvåg IL den 29. Jun 2023
Foto: Hermine Sangolt (J8) i fint svev i lengdegropa.
Juni er ein travel månad for born og vaksne, men 9 stk frå Skogsvåg IL fann tid til å delta på Framolekene i tida før skuleslutt.
Framolekene er eit stort årleg friidrettsstevne på Fana stadion. I år vart det arrangert samtidig som det internasjonale stevnet Trond Mohn Games, dette var ein god kombinasjon der dei yngre utøvarane fekk høve til å sjå verdseliten i aksjon. Friidrettsmiljøet er såpass lite at det vart også tid til å helse på Narve Gilje Nordås, Marcus Thomsen og Eivind Henriksen. Skogsvåg IL takkar for flott stevne og gode opplevingar.
Foto: Erika C. Sangolt fortset utviklinga i kuleringen. Vann J11 med eit støt på 7,87m. Fine prestasjonar også i lengde (3,44m) og 60 m (10,91).
Foto: Yngre utøvarar (Sølve Høyland, Alfred Sangolt og Sondre Høyland) frå Skogsvåg helsar på Narve Gilje Nordås, Jærbuen som er ein av få menn i verden som har sprunge under 3:30 på 1500 meter.
Foto: Lycke Alvsaker Erichsen (J8) var med på sitt fyrste stevne - det gav meirsmak.
Fin framgong blant dei eldste
Av våre eldste utøvere som ikkje er avbilda over må vi nevne ein del prestasjoner:
* Kine Louise Gregersen (J11) sprang 40m på 6,93 sek. Det er fyrste gong under 7 sek. Hoppa også 3,78m i lengde og 9,89m på 60m. Alle tre prestasjonar vart belønna med bronsemedaljer.
* Allsidige Vilde Gregersen (J13) vann kulestøtkonkurransen med eit støt på 7,40 m. Ho passerte 4 meter med god margin i lengdekonkurransen (4,09m), og hadde fine løp i motvinden. 100m på 15,02 og 60m på 9,39.
Velkomen på friidrett
Friidretten held koken med trening i enkelte veker gjennom sumaren, startar opp for fullt att i august. Alle er velkomen. Les meir her: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon