Heider på Brann stadion til Trine Steinsland
Postet av Skogsvåg IL den 13. Apr 2024
Trine Steinsland er aktiv som både styremedlem, all-round eldsjel rundt det yngste jentelaget i klubben. Då Brann hadde sin fyrste heimekamp for sesongen vart ho heida i regi av Brann og Bergen fiber.
Ho vart nominert av trenaren til jentelaget, Mario Alexsander Covarrubias, og var VIP på stadion på kampen mot Fredrikstad. Ho vart heidra sammen med 10 andre i form av at alle Brann spillerne hadde navnet deres bakpå jakken under framføringa av Nystemten.
Det er ei lita verd, og eit enda mindre Vestland: Det var Sivert Heltne Nilsen som stammar frå Sotra, med slekt på Møvik, som hadde namnet til Trine på overtrekksdrakta si. Dagleg leiar i Brann, Christian Kalvenes, er vaksen opp i Bergen, men faren hans, Svein Kalvenes kjem frå Skogsvåg, og har trent A-laget til Skogsvåg ved fleire høve.