4. og 5. juli er det igjen idrettsdagar på Skogsvåg stadion

Postet av Skogsvåg IL den 29. Jun 2023

Ikkje ein sumar utan.. I neste veke er det tid for aktive dagar på Skogsvåg stadion. 30 born og unge skal gjennom eit variert program med hekk, tresteg, tennis, turn og fotball. Meir info om dagane kan du lese her: https://www.deltager.no/register/idrettsdagar#/



Friidrettsgruppa held koken på konkurransefronten

Postet av Skogsvåg IL den 29. Jun 2023

Foto: Hermine Sangolt (J8) i fint svev i lengdegropa. 

Juni er ein travel månad for born og vaksne, men 9 stk frå Skogsvåg IL fann tid til å delta på Framolekene i tida før skuleslutt. 

Framolekene er eit stort årleg friidrettsstevne på Fana stadion. I år vart det arrangert samtidig som det internasjonale stevnet Trond Mohn Games, dette var ein god kombinasjon der dei yngre utøvarane fekk høve til å sjå verdseliten i aksjon. Friidrettsmiljøet er såpass lite at det vart også tid til å helse på Narve Gilje Nordås, Marcus Thomsen og Eivind Henriksen. Skogsvåg IL takkar for flott stevne og gode opplevingar. 

Foto: Erika C. Sangolt fortset utviklinga i kuleringen. Vann J11 med eit støt på 7,87m. Fine prestasjonar også i lengde (3,44m) og 60 m (10,91).

Foto: Yngre  utøvarar (Sølve Høyland, Alfred Sangolt og Sondre Høyland) frå Skogsvåg helsar på Narve Gilje Nordås, Jærbuen som er ein av få menn i verden som har sprunge under 3:30 på 1500 meter. 

Foto: Lycke Alvsaker Erichsen (J8) var med på sitt fyrste stevne - det gav meirsmak. 

Fin framgong blant dei eldste

Av våre eldste utøvere som ikkje er avbilda over må vi nevne ein del prestasjoner:

* Kine Louise Gregersen (J11) sprang 40m på 6,93 sek. Det er fyrste gong under 7 sek. Hoppa også 3,78m i lengde og 9,89m på 60m.  Alle tre prestasjonar vart belønna med bronsemedaljer.

* Allsidige Vilde Gregersen (J13) vann kulestøtkonkurransen med eit støt på 7,40 m. Ho passerte 4 meter med god margin i lengdekonkurransen (4,09m), og hadde fine løp i motvinden. 100m på 15,02 og 60m på 9,39. 

Velkomen på friidrett

Friidretten held koken med trening i enkelte veker gjennom sumaren, startar opp for fullt att i august. Alle er velkomen. Les meir her: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon