Skogsvåg IL startar opp badminton på torsdagar i Sundhallen

Postet av Skogsvåg IL den 5. Nov 2023

Foto: Dette er Øyvind Fjeld med racket i handa.

Frå og med torsdag 9. november kl 2000 - 2130 er det badminton i Sundhallen. 

Alle over 16 år er velkomen. Anten du har ingen erfaring, har gode minner frå badminton ein sumardag i hagen eller har spelt litt tidlegare. Her blir det hyggjeleg spel. Tidleg 2000-tal var det eit fast badmintonmiljø i Sundhallen, idrettslaget oppmodar fleire frå den tida til å vere med. 

Du treng ikkje utstyr, idrettslaget stiller med nyinnkjøpte racketer og fluer. Ta på deg sko og møt opp.

Å vere med på badminton i Skogsvåg er gratis for medlemmar, er du ny kostar det kr 500 per år for å vere medlem i laget. 

Ansvarleg for badminton er Øyvind Fjeld. Send gjerne ei melding om du har tenkt deg på badminton slik at han kan sørge for at det er nok banar og utstyr til alle. Øyvind sitt tlf nr er  480 23 273.


Tekst og foto: Kenneth Sangolt




Bernt Kåre Sangolt heidra for innsats i Skogsvåg IL

Postet av Skogsvåg IL den 1. Nov 2023

Bernt Kåre Sangolt har blitt heidra med Norges friidrettsforbund sin utmerkelse for administrativ innsats. 

Diplomet blir gitt etter forslag frå Hordaland idrettskrets, og deretter ved einstemmig vedtak i Norges friidrettsforbund sitt styre. Det blir gitt til personar som har utført særdeles godt  arbeide for friidretten i Hordaland.

Peer Jarnung er styreleiar i Hordaland friidrettskrets. Han delte ut prisen til Bernt Kåre på friidrettsgallaen 2023 på laurdag 28. oktober. Jarnung fortel at Bernt Kåre er ein verdig prisvinnar som har gjort ein stor innsats gjennom mange år, heilt tilbake til stiftinga av idrettslaget og bygging av Skogsvåg stadion på 1980-talet.

Formann i Skogsvåg IL, Kenneth Rokkan, fortel at Bernt Kåre fortsatt er svært aktiv, for tida er prisvinnaren oppteken med å laga til ny og moderne lengdegrop saman med fleire andre aktive eldsjeler på Skogsvåg stadion. På vegne av laget og medlemmane er Rokkan svært takknemleg for arbeidet som "BK" legg ned. 

Bernt Kåre sjølv fortel at han gledar seg stort over å legge til rette for aktivitet på anlegget. Det er svært viktig at born og unge i Skogsvåg har eit tilbod, han avsluttar med: -Lediggang er roten til alt vondt!


Tekst: Kenneth Sangolt. Foto: Trine AG