Spekkhoggarar beit frå seg på kretsmesterskap i friidrett på Fana stadion

Postet av Skogsvåg IL den 1. Okt 2023

Kretsmesterskap i friidrett på Fana stadion for 11-14 år og dei som er 15 år og eldre markerte slutten på årets sesong for våre eldste utøvere. Våre utøvere fulgte våre felles prinsipp om å støtte kvarandre & gjere sitt beste. Det vart fleire årsbeste og medaljar av edelt valør. Over ser dykk 15-åringen Oda Amalie Erstad som hoppar over 1,45m i høgde for fyrste gong i sitt liv. Det er like høgt som til dømes ein Volkswagen Polo. Oda vann klassen sin.  Ho hadde også nokre forsøk på 1,48m, men det vart litt for høgt. Denne gongen. 

Kine Gregersen er allsidig og treningsvillig, deltok i sitt fyrste kretsmesterskap. Her hoppar ho 3,70m i lengdegropa, i ein veldig jamn klasse vart det ein fin 5. plass. Kine deltok også på 60m (nr 5 men ingen tidtaking grunna sensorfeil) og 200m (5. plass og 33,25 - ny personleg rekord)

Frå "høgdesvingen", kanskje det blir 1,48m i løpet av vinteren for vår utøver. 


Erika Cassandra Sangolt deltok i J11-klassen. Ho trenar godt på støt og kastøvingar. Ho vann kulestøt med eit fint støt på 8,11 meter i frisk bris og regn, og fulgte like godt opp med langt over 18 meter og ny fyrsteplass på diskos like etterpå. 

Kretsmesterskapet har ein flott "turneringsbuss" med storskjerm og premiepall. 

Her er det J13 og Vilde Othelia Gregersen (til venstre) som mottek premie for 3. plass på 60 meter. Det vart ein sterk ny personleg rekord med 9,32 i over 3 sekunders motvind. Vilde tok også 2. plass i kulestøt med ny personleg rekord - 8,37 meter. På 600m viste ho stor fighting spirit, starta hardt og haldt - nesten - til mål, med ny personleg rekord 1:56:18. 

Av hensyn til sikkerhet for utøvarar og publikum vart diskos og slegge sine øvelsar haldt på grusbanen like nedenfor Fana stadion. Her er det Erika som får diskosen til å flyge utover grusdekket. 



Velkomen på friidrett

Skogsvåg IL si friidrettsgruppe trenar kvar laurdag på Skogsvåg stadion (sumarhalvår) og inne i Sundhallen (vinterhalvår). Vi har per no tilbod for alle aldre frå 1. klasse og oppover. Alle er velkomen, alle blir tatt vel i mot,  og alle vil finna noko dei trivast med.  Dei mest aktive og interesserte deltek i konkurransar som beskriven over, men mange er med berre for å trena og ha det kjekt. Velkomen på trening. 

Friidrett kostar kr 500 kvart år, men det er gratis å vere med på prøvetrening 3 gongar før ein blir innmeldt. 


Tekst & foto: Kenneth Sangolt, friidrettstrenar Skogsvåg IL


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.