A-laget tippar tabellen

Postet av Skogsvåg IL den 31. Mar 2017

Med kun nokre veker att til seriestart, har vi tatt eit lite blikk på dei andre laga i årets serie.

Vi begynner nederst på tabellen og jobbar oss oppover:


10. Kjøkkelvik

Spelte i 2016 i 6. div avd 1 der dei kom på 6. plass med 26 poeng.
Kjøkkelvik har slitt litt i dei seinere åra og har besøkt 5., 6. og 7. div.
Årets sesong kan fort bli ein tung sesong. Laget har spelt tre kampar i OBOS vinterserie og tapt alle.

Vårt tips: 10. plass og sist på tabellen.


9. Baune 2

Spelte i 2016 i 6. div avd 4 der dei kom på 7. plass med 23 poeng.
Dette er eit studentlag, så vi veit aldri kva vi møter.
Vi finner ingen info om korleis dei har gjort det i vinter.

Vårt tips er at dei kjem til å slite i år, og havnar på ein 9. plass.


8. Eikelandsfjorden

Spelte 2016 i 5. div avd 1 der dei kom på 11. plass med 9 poeng.
Nedturen har berre fortsatt for laget, og dei har tapt tre kampar i vinterserien.
Vi kan dessverre ikkje sei at Eikelandsfjorden ser skumle ut i år.

Vi tippar 8. plass på Eikelandsfjorden.


7. Sartor

Spelte i 2016 i 6. div avd 4 der dei kom på 4. plass med 29 poeng, noko som var ein imponerande plassering. Dette er eit lag i stor framgang.

Kva dei har drive på med i vinter er ikkje godt og sei. Etter det vi veit har dei hatt ein treningskamp mot Nordre Fjell der dei vant 4-1. Det skal likevel holde hardt å følge opp fjorårets sesong.

Vårt tips er 7. plass.


6. Skjergard

Spelte i 2016 i 6. div avd 4 der dei kom på 3. plass med 32 poeng.
Dette er bra med tanke på generasjonskiftet dei har hatt. Vi trur at dette skiftet blir litt meir synleg i årets sesong. Dei tok seg likevel vidare frå gruppespelet i OBOS vinterserie.

Vårt tips er at dei gjer det litt dårligare enn i fjor, og havnar på ein 6. plass.


5. Nordre Holsnøy

Spelte i 2016 i 6. div avd 2 der dei kom på 2. plass med 33 poeng.
Det skal holde hardt å gjere det like bra som i fjor, men likevel trur vi at laget kjem til å vinne ein del kampar.

Vi finner ingen info om treningskamper i vinter.

Vårt tips er 5. plass.


4. Fyllingsdalen 3

Spelte i 2016 i 5. div avd 2 der dei kom på 12. plass med 9 poeng.
2016 var ein tung sesong for Fyllingsdalen, og dei rykka ned.

Dei har eit fjerdelag som vant 7. div, så dersom dei blandar laga og får godfølelsen inn i laget, kan 2017 sjå betre ut.

Laget har spelt tre kampar i OBOS vinterserie der dei har vunne éin kamp.

Vårt tips er 4. plass.


3. Sotra 3

Spelte i 2016 i 7. div avd 4 der dei kom på 1. plass med 36 poeng.
Sotra var suverene og vant serien lett. Laget kjem nok til og flyte videre på den bølgen.

Dei har spelt tre kampar i OBOS vinterserie og har vunne éin kamp.

Vårt tips ein fin 3. plass.


2. Skogsvåg

Spelte i 2016 i 6. div avd 4 der kom vi på 5. plass med 28 poeng.
Laget gjore ein god sesong i fjor, men har i år styrka laget.

Skogsvåg har spelt ein del treningskampar i vinter.

Vi trur vi havnar på ein 2. plass.


1. Kvernbit

Kverbit spelte 2016 i 5. div avd. 2 der dei kom på 9. plass med 30 poeng.
Med dette ser Kvernbit ut til å vere med i toppen i årets sesong.
Vi kan ikkje finne noko resultat eller referat av nokon treningskampar i vinter.


Kvernbit vinner serien og rykker opp igjen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.