Besøk av Sandviken-spelaren, Mathilde Sangolt

Postet av Skogsvåg IL den 6. Feb 2020

På søndag fekk Skogsvåg jenter 09/10 besøk av Sandviken-spelar Mathilde Sangolt på innetrening i Sundhallen.

Mathilde spelte på Skogsvåg då ho var lita. Etter det spelte ho mange år på Sotra, men denne sesongen skal ho spele i Toppserien for Sandviken!

Mathilde gjennomførte nokre øvelser saman med jentene som ho også bruker i sin treningskvardag i Sandviken. Det var kjekt for jentene å få prøve ut litt nye øvelser saman med henne.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.