Friidrettsgruppa held koken på konkurransefronten

Postet av Skogsvåg IL den 29. Jun 2023

Foto: Hermine Sangolt (J8) i fint svev i lengdegropa. 

Juni er ein travel månad for born og vaksne, men 9 stk frå Skogsvåg IL fann tid til å delta på Framolekene i tida før skuleslutt. 

Framolekene er eit stort årleg friidrettsstevne på Fana stadion. I år vart det arrangert samtidig som det internasjonale stevnet Trond Mohn Games, dette var ein god kombinasjon der dei yngre utøvarane fekk høve til å sjå verdseliten i aksjon. Friidrettsmiljøet er såpass lite at det vart også tid til å helse på Narve Gilje Nordås, Marcus Thomsen og Eivind Henriksen. Skogsvåg IL takkar for flott stevne og gode opplevingar. 

Foto: Erika C. Sangolt fortset utviklinga i kuleringen. Vann J11 med eit støt på 7,87m. Fine prestasjonar også i lengde (3,44m) og 60 m (10,91).

Foto: Yngre  utøvarar (Sølve Høyland, Alfred Sangolt og Sondre Høyland) frå Skogsvåg helsar på Narve Gilje Nordås, Jærbuen som er ein av få menn i verden som har sprunge under 3:30 på 1500 meter. 

Foto: Lycke Alvsaker Erichsen (J8) var med på sitt fyrste stevne - det gav meirsmak. 

Fin framgong blant dei eldste

Av våre eldste utøvere som ikkje er avbilda over må vi nevne ein del prestasjoner:

* Kine Louise Gregersen (J11) sprang 40m på 6,93 sek. Det er fyrste gong under 7 sek. Hoppa også 3,78m i lengde og 9,89m på 60m.  Alle tre prestasjonar vart belønna med bronsemedaljer.

* Allsidige Vilde Gregersen (J13) vann kulestøtkonkurransen med eit støt på 7,40 m. Ho passerte 4 meter med god margin i lengdekonkurransen (4,09m), og hadde fine løp i motvinden. 100m på 15,02 og 60m på 9,39. 

Velkomen på friidrett

Friidretten held koken med trening i enkelte veker gjennom sumaren, startar opp for fullt att i august. Alle er velkomen. Les meir her: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.