Aktive idrettsdagar på Skogsvåg stadion

Postet av Skogsvåg IL den 15. Jul 2023

Skogsvåg IL har tradisjon for å skipa til idrettsaktivitetar for born i sumarferiane. Dei siste åra har dette vore ein fast tradisjon i juli månad. 2023 var intet unntak.

I år var det plass til 30 aktive og interesserte lokale born som fekk varierte dagar der dei prøvde seg på ein del nye aktivitetar saman med dyktige instruktørar. Borna fekk prøva seg på både (kort)hekk, tresteg, tennis, turn & fotball. I regi av "restaurantsjef" Kristina Førde vart det servert ein variert brødlunsj med tilhøyrande drikke kvar dag.

Foto: Fotball i bingen. 


Foto: Trestegutøvar i farta. 


Foto: Tennis er eit nytt tilbod i Skogsvåg IL. 

Foto: Hoppetauet i flittig bruk.  


Foto: Silje Pettersen var ansvarleg for hekk- og trestegtreninga. Spenst og koordinasjon er nykkelen til det meste.. 

Instruktørane hadde berre skryt å koma med til dei aktive og kjekke borna. Frå venstre: Kenneth Sangolt, Silje Pettersen, Johnny Asphaug, Thea Asphaug, Mathilde Asphaug, Silje Ulvøen, Kristina Førde. 

Foto: Einhandsbackhand frå Olav på tennisbanen. 


Friidrett på Skogsvåg stadion i sumar

Friidrettsgruppa trenar laurdagar ut heile juli. Det er berre å møte opp på laurdag kl 1100 (22. juli og 29. juli). Les meir om friidrett: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon  

Følg med på Skogsvåg IL si facebook og heimeside for informasjon om nye aktivitetar og tilbod som startar opp til hausten. 


Takk til Vestland idrettskrets

Idrettsdagane vart støtta med midlar frå  Vestland idrettskrets. Idrettslaget takkar for bidraget.  


Lyst å vere med? Lyst å starte noko?

Skogsvåg IL er eit idrettslag som blir driven på dugnad, av lokale vaksne, foreldre, utøvarar og andre.  Om det er eit tilbod du saknar og du vil vere med å starte opp. Ta kontakt med Skogsvåg på Facebook eller til skogsvag@online.no


Dei som har bidrege med foto er: Erika Sangolt, Julie Berge, Kristina Førde, Kenneth Sangolt


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.