Haustens fyrste friidrettsstemne: Personlege rekordar til alle 10 utøvarar frå Skogsvåg

Postet av Skogsvåg IL den 21. Aug 2022

Foto: Høge og lange svev i sandgropa på Fana stadion. 

Friidrettsgruppa til Skogsvåg IL har trena jamnt og trutt mest kvar einaste laurdag i heile 2022. Nokon av borna trenar utelukkande friidrett medan andre deltek på friidrett i tillegg til fotball eller anna sport.  I vinterhalvåret deltek utøvarane på innendørsstemner, medan det blir tid til 2-4 stemner i utandørssesongen som strekk seg mellom april og oktober. Denne hausten vart innleia med Gneistspelen på Fana stadion. Dette er eit nasjonalt friidrettstemne som har vore arrangert i over 50 år. 

Gledeleg å notere at samtlige utøvere har oppnådd personleg bestenotering i ei eller fleire øvingar i løpet av helga. Flott å oppleve at trening gjer utslag, og at det blir framgang samanlikna med vinteren og vårens prestasjonar. 

I aldersgruppa 6-9 år er det meistring og leik som er i hovudsete, og det er ikkje rangerte lister. For eldre utøvere teller plassering og det knivast meir om sluttresultat. 

Her er bileter og høgdepunkt frå helga: 

Fredag: 300m hinder for rekrutter (6-9 år). Alfred Sangolt og Sølve Høyland deltok. Vanngrava var høgdepunktet. Hinder gav meirsmak. Seinare i helga vart det lengde, liten ball og 60m.

Mathilde Asphaug og Thea Asphaug er vanlegvis aktive fotballspelarar, men har snørt på seg piggskoa og deltok i 100m, 200m og spyd i J17-klassen. 100m på lavt 15-tall. 14-grensa brytes truleg ved neste anledning. Helga endte med hyppige turar på toppen av premiepallen. 

Oscar Fjell Hagen er rekrutt og deltok i 60m, liten ball og lengde. Bestenoteringar i 2 av 3 øvingar (?)

Kine Louise Gregersen og Erika Cassandra Sangolt i J10-klassen. Store forbetringar frå vårens stemner på begge to. 

Hermine Sangolt er J7-rekrutt og har aldri sprinta så raskt eller hoppa så langt som ho gjorde denne helga. 

Hermine i kastar liten ball, kyndig og god veiledning frå erfarent funksjonærkorps i Gneist.

Sondre Høyland er 1.klassing og debuterte i stemne denne helga. Det gav meirsmak. 

 

Vilde Gregersen i J12 var reinaste mangekjemperen denne helga. Personleg bestenotering i alt ho stilte opp i og fleire fyrsteplassar.  Deltok i både 60m (4. plass, 9.34 PB), lengde (4. plass 3.69 PB), 600m (1 plass 2:07 PB), kule (1 plass 6.91m PB). Her er ho avbilda rett etter målgang i 600m. Sterk oppløpsside og fyrsteplass med nokre hundredelars margin. 

Flott stemne og fine fasilitetar på Fana stadion. 


Alle resultat frå Gneistspelen finn du her: https://norway.opentrack.run/en-gb/x/2022/NOR/gneistspelen/


Ynskjer du å byrje på friidrett i Skogsvåg, alle er velkomen, les meir her; https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon 


Friidrett er godt supplement til andre idrettar. Bli gjerne med på hurtighetstrenings-dag laurdag 27. august. Info på Facebook: https://www.facebook.com/events/853124362722771?ref=newsfeed

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.